![]() |
![]() |
![]() |
|
Brekurs Klatrekurs Josten på langs Datoar & Prisar
|
Lær meir om snøskred og snøskredfare, vurdering av terreng og vegval i skredfarlig terreing på dette kurset. Kurset følgjer NF sitt 'Metodekurs skred' og varer i 3 dagar. Det er eit praktisk kurs der ein er ute heile dagane. Om kveldane er det litt teori. For å ha utbyte av kurset må du ha grunnleggande ferdighet på ski, samt ha erfaring frå turar om vinteren. Snødekke og terreng er eit av dei sentrale tema på kurset. Ein vil gå inn på oppbyggingen av ulike snødekke, sjå på potensielle utløysings- og utløpsområder for skred. Snøundersøking er eit anna viktig emne Som deltakar lærer du grunnleggande klassifisering av snødekke, samt korleis ein kontrollerer stabiliteten i snøen. Kameratredning blir også viktig. Vi vil fokusere på kva muligheter ein har når uhellet er ute. Du vil lære om bruk av søkeutstyr og korleis ein organiserer eit søk. I denne samanheng kjem ein også inn på enkel førstehjelp. Etter dette kurset vil du ha eit mykje bedre grunnlag for å vurdere risikoen neste gong du er på tur. På dokumentsida finn du detaljert informasjon om årets skredkurs. Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar |
|
|
- BREOPPLEVING DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500
- mobil 91 72 33 14 -
|
- mail: post@bre.no
-
|