Filters Sort results
Reset Apply














INSTRUKTØRKURS
kr 5 935-kr 7 500














VIDAREGÅANDE BREKURS
kr 8 000-kr 9 000


Filters Sort results
Reset Apply



Filters Sort results
Reset Apply






Brekurs – ei veke med is under beina

Vi har arrangert brekurs sidan 1994. Dette er vårt mest populære kurs og går kvar veke heile sommaren, frå måndag kveld til søndag morgon.

Kursinnhald

Målet med brekurset er å gjere deg trygg på breen. For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.

Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning.

Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte.

Til slutt er det ein dag der deltakarane får prøve seg meir på eiga hand, samt litt klatring for dei som vil.

Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane.

Kursstadar

Jotunheimen

Kursa i Jotunheimen foregår på Smørstabbreen. Det er vest i Jotunheimen like ved Sognefjellshytta. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutt frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden viss veret er dårleg. Breen ligg ein god halvtime frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995.

Jostedalen

Kursa i Jostedalen held til innerst i Jostedalen, der vi har tilgang til Nigardsbreen, Fåbergstøsbreen og Tuftebreen. Alle tre er brefall som går ned på austsida av Jostedalsbreen. Vi bur på Jostedal Camping som har eit godt serviceanlegg og ligg like ved butikk og hotell. Viss du ikkje ønsker å ligge i telt kan du bestille hytte på campingplassen eller rom på Jostedal Hotell.

Du får det same kurset begge stadane. Dette er unike og svært gode stader for brekurs, samtidig som dei er forskjellige. På Smørstabbreen får du oppleve Jotunheimen med dei mektigaste fjella i landet. I Jostedalen får du oppleve kor stor, vill og allsidig Jostedalsbreen faktisk er.

Temaliste

Følgande vert gjennomført på breen (praksis) :

• Gange i lett og vanskelig is, utan tau
• Vandring i lett og vanskelig is, med tau
• Sikringsteknikk i taulag
• Vurdering av snøbruer
• Redning i is (Lose Rolle + demonstrasjon av talje)
• Redning i snø
• Snøbakketeknikk
• Orientering på bre (kombinert med ein topptur )
• Klatring og rapell

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori)

• Brelære
• Redningsteknikkar
• Orientering
• Utstyr
• Alpine farer
• Førstehjelp i fjellet
• Knutar

Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk.

Kursprogram

MÅNDAG

Oppmøte er kl 19.

På kursa på Smørstabbreen brukar litt tid på å sette opp telt. Leiren ligg ti minutt gange frå parkeringa ved Fantesteinen. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og prøving av utstyr, og øving på dei første knutane. Vi har utsikt til breen som ligg ein god halvtime frå leiren.

På kursa i Jostedalen møtes vi på camøingen, tek ei presentasjonsrunde, deler ut uttyr og øver på dei første knutane. 

TYSDAG

Dagen begynner med at vi øver oss på å gå med stegjern slik at ein går trygt på flat, skrå og bratt is, både med og utan isøks. Vi lærer også å bruke isskrue, hogge trinn og hoppe over små sprekker.

Etter lunsj knyter vi oss inn i taulag og går ein tur i blåisen. Allereie no skal ein av deltakarane gå først i taulaget. I løpet av kurset skal alle gå først fleire gongar for å øve sikring og vegval.

På kvelden gjennomgår vi teori om redning og førebur oss til redning i blåis dagen etterpå

ONSDAG

Første del av dagen går med til redning i blåis. Vi øver særleg på nøkkelposisjonane: nummer ein som er i sprekka, nummer to som sikrer, sistemann som styrer redninga. I løpet av onsdag og torsdag skal alle ha prøvd alle nøkkelposisjonane. Og under redning vil instruktøren ha eige sikringstau slik at det går trygt føre seg.

Etter lunsj er det ut på tur i isen igjen for å øve vegval og sikring, men no i litt vanskelegare is og med fokus på aktiv bruk av taulaget for å unngå å sette for mange skruer.

TORSDAG

Denne dagen begynner på redning i snø. Det er dette som er realistisk redningsøving, der ein særleg må passe på å være sikra heile tida. Difor brukar vi ofte meir tid på redning på snø enn på blåis.

På slutten av dagen vil vi gå ein tur i overgangen mellom snø og is og øve vegval og sikring. Sidan det kan være sprekker skjult under snøen er dette ofte det vanskelegaste området på ein isbre. Det er alltid spennande å sjekke om snøbruene er trygge eller ikkje.

På kvelden blir det planlegging av tur neste dag og litt om orientering.

FREDAG

Dette er turdagen, der vi skal gå opp eit brefall og over eit platå til ein topp. På vegen skal vi øve orientering og snøbakketeknikk. Når vi øver snøbakketeknikk så øver vi på å gå trygt i bratt snø ved hjelp av isøksa, samt å klare å bremse opp viss vi sklir.

Under kursa på Smørstabbreen går ofte turen til Kalven (2034 m), og av og til til Storebjørn (2223 m). Når vi er på Flatbrehytta brukar vi å gå til Supphellenipa (1731 m), eit kjent utsiktspunkt på Jostedalsbreen. 

Dette er kursets lengste dag og vi er ofte ikkje tilbake før litt ut på kvelden.

LAURDAG

Første del av dagen går med til klatring, rapell, og andre ting som deltakarane har lyst til å prøve. Av og til demonstrerer vi også meir avanserte redningsmetoder.

Etter lunsj bruker vi å sende taulaga ut på tur utan instruktør. Det er god øving å måtte avgjere vegval og sikring på eiga hand. Sjølvsagt følger instruktørane med på kva som skjer, på litt avstand.

Kvelden brukar vi til evaluering og sosialt samvær.

SØNDAG

Søndagen har eit kort program: Vi pakkar saman og reiser heim.

Eller kanskje du vil rett på bretur? I så fall kan du få låne breutstyr med oss.