|
 GENERELL INFORMASJON om Breoppleving ANS og våre tilbod
Breoppleving tok til med brekurs for studentar sommaren 1994.
Sidan 1995 har vi også vore med på breføringa på
Briksdalsbreen i samarbeid med Briksdal Breføring. Sidan 1997
har vi vore godkjent i Norsk Fjellsportforum, den høgste godkjenninga
i Norge for arrangørar av bre- og klatrekurs.
Våre aktivitetar er først og fremst knytta til Briksdalsbreen,
den mest kjende brearmen på Jostedalsbreen. Her tilbyr vi føring
heile året, brekurs, bresamling og fjellsportkurs om sommaren.
I tillegg har vi turkurs som går ulike delar av Jostedalsbreen,
Bødalsseter og Smørstabbreen (Jotunheimen). Sidan 2000
har vi også drive føring på Bødalsbreen i
samarbeid med Briksdal Breføring.
Føringa er vår viktigaste aktivitet. Sommaren 2000
hadde vi 6500 turistar med på tur. Her tilbyr vi alt frå
enkle 2-timars turar til klatre- og spesialoppdrag over fleire dagar.
Kursa har vi utvikla godt dei seinare åra. Med eit innarbeidd
kursopplegg, erfarne instruktørar og gode kursstadar meiner vi
dette er eit tilbod for alle friluftsinteresserte som vil prøve
noke nytt.
Brekursa har vi allereie 9år erfaring med og dei er vårt
klart mest populære tilbod. I tillegg har vi mange andre kurs
og opplevingar.
Turar og opplevingshelgar vil vi også utvikle framover.
Turkurset er ein skikkeleg bretur for dei som allereie har brekurset.
Jostedalsbreen på langs er ein klassisk skitur på 3 dagar.
Då går ein heile breen frå nord til sør med
ei fantastisk utsikt over fjordane i vest og Jotunheimen i aust.
Opplevingshelgane er tilpassa dei som vil ha meir oppleving enn undervisning.
Firmaturar har vi satsa ein del på i det siste. Hausten
2000 gjennomførte vi vårt hittil største oppdrag
då vi hadde heile Oseberg Øst på tur. Dei fekk være
med på fisking, grilling, brevandring, isklatring og tindebestigning.
Bla rundt på sidene og kik på våre tilbod.
Det er berre å ta kontakt dersom
du vil ha tilsendt brosjyre eller påmeldingsinformasjon.
Eirik & Ove
|