|

FJELL- & ISKLATRING
Ein dag i fjellveggen kan gje opplevingar du seint vil gløyme.
Det kan kombinerast med grilling eller matlaging på bål.
Klippeklatring vert det kalla når ein held til i tilrettelagde
klatrefelt med avgrensa høgde. Slike felt ligg rundt alle store
byar og dei fleste tettstadar. Ein ettermiddag eller dag i eit slikt
felt gjev fine naturopplevingar utan særleg reising.
Klatring i høgfjellet er den aller største opplevinga.
Her er det store utsiktspunkt og spanande fjellveggar. Det krev litt
meir reising å kome seg til fjells og ein må ha litt meir
tid i fjellveggen. Vi kan ta deg med til toppen av alle kjende fjell
i landet, som Store Skagastøsltind (Storen), Stetind, Romsdalshorn
og mange andre. Vi kan også ta deg med til store toppar i andre
land om du vil det.
Isklatring på breen er både spanande og utfordrande.
Du får utdelt to isøkser, hjelm og stegjern. Ved hjelp
av dette skal du kome deg opp loddrette isveggar. Du kan til og med
bli heist ned i sprekker og hol i breen, då må du stole
på deg sjølv viss du skal kome deg opp. Ein er sjølvsagt
sikra med tau også under desse aktivitetane.
Fosseklatring er ein vinteraktivitet som stadig fleire tek til
med. Med det same utstyret som på breen skal ein kome seg opp
til toppen av fossen.
Meir informasjon eller uforpliktande tilbod
|