Brevandring
Fjell- & Isklatring
Tindebestigning

Opplevingshelg
Leig ein førar
Skreddarsaum

Vintereventyr
Luftige svev
Grottetur

Rafting og kano
Multisport

Booking

Brekurs og klatrekurs

Føring i Jotunheimen

VINTEREVENTYR

Vintereventyr er opplevingar i vinterfjellet, langt frå heisar og folkestimar.

Du kan lære å bygge igloo og grave snøhole i lag med erfarne fjellførarar. Dette er meir utfordrande enn du trur, og veldig moro. Om turen skal leggast opp slik at ein må overnatte i den er opp til deg. Erfaringa er likevel at når ein bygger noko ein sjølv skal bu i så er motivasjonen langt større.

Vi kan lage aktivitetsløype der ein i lag må løyse ulike praktiske problem, ta seg ned ei kuleløype og mykje anna.

Kurs er det også mulig å arrangere. Du kan lære fjelltelemark, orientering eller vegval i forhold til skredfare.

Finse er kan hende den staden i Sør-Noreg med mest vinter. Difor er det ein ideell stad for eit vintereventyr. Det er også ein lett tilgjengeleg stad sidan det går tog direkte frå Oslo og Bergen. Her er også eit veldig bra hotell (Finse 1222) slik at vi kan kombinere aktivitetar i ekte villmark med behagelige kveldar og netter for dei som vil det.

Dovrefjell er ein annan stad med ekstremt ver. Her finn ein alt ein treng for eit vintereventyr.

Alle stader med mykje snø og ekte villmark kan brukast, vi arrangerer eit vintereventyr der du vil ha det.

Meir informasjon eller uforpliktande tilbod

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -