Brevandring
Fjell- & Isklatring
Tindebestigning

Opplevingshelg
Leig ein førar
Skreddarsaum

Vintereventyr
Luftige svev
Grottetur

Rafting og kano
Multisport

Booking

Brekurs og klatrekurs

Føring i Jotunheimen


LUFTIGE SVEV

Tør du sveve over eit juv? Det einaste du heng i er eit tau som er spent over juvet. Like ved høyrer du fossen buldre.

Luftige svev er ei samling aktivitetar som har det til felles at du heng langt over bakken i eit tau.

Høgdeløypa er kanskje like spanande som taubana over eit juv. For å kome gjennom ei høgdeløype må du ta deg fram langs eit tau som er spent opp mellom nokre tre eller over ei kløft. Du kan balansere eller krype, du kan gå sakte, spurte eller dra deg fram.

Klatresti ei lett form for klatring. Det er bratt, høgt og luftig, men det krevst ikkje stor fysisk styrke for å kome seg opp.

Klatring og rapell høyrer naturleg nok med. Vanskegraden på klatringa vert tilpassa etter ønskje. Rapellen (nedfiringa) vert gjort så luftig som muleg.

Kolsås er eit svært kjent klatrefelt like ved Oslo. Her ligg tilhøve godt til rette for ein kveld eller dag med luftige svev. Og det er berre å ta T-bana frå sentrum av Oslo!

Fløyen og Helleneset er kjende stader i Bergen. Har ligg tilhøva også godt til rette for ulike luftige aktivitetar.

Det einaste vi treng er eit klatrefelt, ein skog med store tre eller eit juv, så kan vi arrrangere ei oppleving på ein dag eller ein kveld. Be gjerne om eit opplegg som inkluderer eit godt måltid.

Alt du treng er ein ettermiddag.

Meir informasjon eller uforpliktande tilbod

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -