Brevandring
Fjell- & Isklatring
Tindebestigning

Opplevingshelg
Leig ein førar
Skreddarsaum

Vintereventyr
Luftige svev
Grottetur

Rafting og kano
Multisport

Booking

Brekurs og klatrekurs

Føring i Jotunheimen


OPPLEVINGSHELG

Tettpakka opplevingar om dagen og god mat om kvelden er tanken bak ei opplevingshelg. Du kan bu på hotell, i hytte eller telt. Uansett er du garantert uvanleg mykje villmark.

Tema: Brevandring
Tre dagar med brevandring, isklatring og topptur er innhaldet i denne opplevingshelga. Du får meir oppleving og mindre terping når du deltek på dette opplegget.

Tema: Klatring
Tre dagar med klatring i felt og i høgfjellet er innhaldet her. Første dagen vert det mest øving slik at ein får inn dei viktigaste teknikkane. Deretter vert du teken med på dei beste og brattaste utsiktspunkta i området.

Jotunheimen er ein ideell stad for både brevandring og klatring. Her er mange av dei mest kjende toppane i landet. Vi kan også lage ei opplevingshelg som kombinerer brevandring og klatring. Det er også muleg å legge inn grottetur, luftige svev eller tindebestigning viss ein har ei opplevingshelg i Jotunheimen

Jostedalsbreen er den største breen i landet. Her finn vi mange spanande brefall og flotte toppar. Overnattinga kan skje på ei enkel seter eller på flotte hotell Alexandra.

Heile landet kan brukast til ei opplevingshelg, men aktivitetane vi kan tilby avheng av kva som er i området.

Ei opplevingshelg er eit populært tilbod til bedriftsidrettslag og vennegjenger. Og det kan gjerne være midt i veka.

Meir informasjon eller uforpliktande tilbod

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -