|
BREVANDRING
Ein dag i isen er ei oppleving du vil hugse. Du kan bli med på
ein lett tur inn i blåisen der vi ser spisse istårn, djupe
sprekker og blåfargen inne i tunellane. Ein meir avansert variant
er den der vi går inn i dei vanskelege partia, klatrar bratte
veggar og går smale eggar.
Med litt fleire dagar på breen kan du i tillegg
få litt opplæring i gangteknikkar og sikring på breen.
I tillegg vert det høve til å gå opp på sjølve
breplatået der sprekkene er størst og utsikta best.
Opplæring i brevandring får ein i alle opplegga.
Men viss ein vil lære så mykje at ein kan gå turar
utan førar trengst det ei veke med opplæring. Då
er vi innom emner som gangteknikkar, sikring, redning, orientering,
klatring og mykje anna. Slike kurs kan tilretteleggjast til gruppa eller
du kan melde deg på eit av dei dei faste kursa våre her.
Meir informasjon eller uforpliktande tilbod
|