![]() |
![]() |
![]() |
|
Brevandring Opplevingshelg Vintereventyr
|
Viss du vil på høge toppar eller krysse ein bre så kan det lønne seg å leige ein førar. Føraren tek seg av tryggleiken og dermed kan du nyte turen heile tida. Det er lærerikt å ha ein profesjonell førar med seg. Du får vite meir om historie, orientering og korleis ein sikrar på utsette stader. Vi leiger ut førarar til mange tupe turar. Nokre vil gå Josten på langs i lag med sine beste vener, andre vil ha eit brekurs eller nå toppen av Store Skagastølstind. Både enkeltpersonar og grupper leiger førarar. Det behøver ikkje koste så mykje meir enn å melde seg på ein vanleg tur eller eit kurs viss ein er ei gruppe. I tillegg får ein fleksibiliteten til å endre opplegg undervegs. Prisen for å leige ein førar inkluderer alt nødvendig spesialutstyr. Alle våre førarar er sjølvsagt godt utdanna og godkjent i Norsk Fjellsportforum. Vi kan også stille med internasjonalt godkjende førarar til oppdrag som krev det. |
|
|
- BREOPPLEVING DA
-
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500
- mobil 91 72 33 14 -
|
- mail: post@bre.no
-
|