Brevandring
Fjell- & Isklatring
Tindebestigning

Opplevingshelg
Leig ein førar
Skreddarsaum

Vintereventyr
Luftige svev
Grottetur

Rafting og kano
Multisport

Booking

Brekurs og klatrekurs

Føring i Jotunheimen

MULTISPORT

Konkurransar i friluftsliv er veldig populært i mange land. Ein deltek vanlegvis i lag på 2-5 personar av begge kjønn.

Utfordringane står i kø undervegs. Målet er heile tida å løyse desse raskast muleg for å kome seg vidare. Det er fysisk hardt når ein må sykle, padle, klatre eller jogge. Det er mentalt slitsomt når ein må løyse vanskelege oppgåver medan konkurrerande lag tek inn på.

Det laget som først har alle deltakarane i mål er vinnar. For å vinne må ein ha evna til å spele på gruppa sine sterke sider, samt planlegge pauser og matinntak slik at ein bruker kreftene mest fornuftig.

Ein multisport-konkurranse kan vare frå nokre timar til fleire dagar. Vi kan legge den opp fysisk har eller lage utfordingar meir på det mentale plan. Eller begge delar.

Slike utfordringar passar særleg godt til å teste og trene leiarar. Det er også ein måte å få eit team til å arbeide betre saman på. Eller ein kan rett og slett gjere det for utfordringa si skuld.

Staden bestemmer du. Vi kan arrangere multisportkonkurranser nær ein by eller langt til fjells. Aktivitetane kan inkludere klatring, brevandring, kano, rafting, sykling og mykje anna.

Meir informasjon eller uforpliktande tilbod

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -