![]() |
|
Brekurs Klatrekurs Josten på langs Datoar & Prisar
|
Målet med brekurset er å gjere deg trygg på breen. For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka. Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning. Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte. Til slutt er det ein dag der deltakarane får prøve seg meir på eiga hand, samt litt klatring for dei som vil. Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane. Vi har brekurs i heile juli og halve august. Eit brekurs varer i ei veke og startar på måndag kveld (datoar og prisar). Halve sommaren held vi brekurs på Smørstabbreen, den største breen i Jotunheimen. På desse kursa overnattar vi i telt og har eit stort militærtelt med ovn som opphaldsrom dersom kveldane vert kalde. Smørstabbreen er ein veldig god stad å halde brekurs fordi breen er så godt egna for kurs samtidig som den ligg nær leiren. Dei som vil kan betale eit tillegg og overnatte inne på Sognefjellshytta. Andre halvparten av sommaren held vi kurs på Flatbreen, heilt sør på Jostedalsbreen. På desse kursa bur vi på Flatbrehytta. Frå hytta er det fem minutt til breen, og utsikta over Fjærland og fjorden er storslagen. Hytta har ein enkel standard, omlag som på DNT sine ubetjente hytter. Flatbreen har alt vi treng av utfordringar til eit brekurs, og Supphellenipa ligg som eit naturleg mål for turdagen. Følgande vert gjennomført på breen (praksis)
: Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori) På dokumentsida finn du detaljert informasjon om kvart enkelt brekurs. Vi har også ei oversikt over alle datoar
og prisar |
|
- BREOPPLEVING DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500
- mobil 91 72 33 14 -
|
- mail: post@bre.no
-
|