Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


KURSSTADANE VÅRE
Variert villmark på vestlandet

Flatbrehytta på Jostedalsbreen - Brekurs, Vidaregåande brekurs og Breinstruktørkurs
Ei flottare hytte for brekurs finn ein ikkje. Flatbrehytta ligg høgt og fritt med utsikt over Fjærland. Flabtreen ligg så nær at vi kan gå tilbake til hytta for å ete lunsj om vi vil. Anders Øygard bar materialet til den første hytta opp. Seinare kom ei ny hytte, der vi bur. Standarden er enkel, men hytta har 18 sengeplassar, kjøkken og opphaldsrom. Det naturlege turmålet frå Flatbrehytta er Supphellenipa der ein verkeleg får sjå kor stor og mangfaldig Jostedalsbreen er.

Smørstabbreen i Jotunheimen - Brekurs og Fjellsportkurs
Her ligg vi i telt ved eit lite vatn ikkje langt frå Fantesteinen. Frå teltplassen har vi utsikt til Fannaråken, Hurrungane og Smørstabbtindane. Dei som vil kan oppgradere til overnatting med full pensjon på Sognefjellshytta. 
Det er ca. 5 minutt gange frå Sognefjellsvegen til teltplassen. Vi ligg i høgfjellet med dei fordelar og ulemper det bringer med seg: Fineveiret er finare og styggeveiret tøffare enn i lavlandet. 
Til brefallet Bøverbreen, det største brefallet på Smørstabbreen,  treng vi ca. 30 minutt frå teltplassen. Denne breen er svært godt egna for kurs sidan det er kort ved å gå til det meste.
Rundt Smørstabbreen ligg det 2000-meters-toppar på rad og rekke. Vi vil nok gå på Storebjørn eller Kalven på toppturen.

Hurrungane - Klatrekurs og Fjellsportkurs
Hurrungane har toppar som Store Skagastølstind (Storen - 2405 moh), Austabotntind og Ringstind. Det gjer området til det kanskje mest kjende og ettertrakta området i landet for klatring i høgfjellet. På slutten av klatrekurset (og muligens fjellsportkurset) vil vi bu like ved Turtagrø og dermed ha eit glimrande utgangspunkt for alle toppane i området.

dokumentsida finn du detaljert informasjon om alle kurs og turar.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

Trykk her for å melde deg på





- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -