![]() |
|
Brekurs Klatrekurs Josten på langs Datoar & Prisar
|
Viss du likar deg på breen og i fjellet kan du utdanne deg som breinstruktør. Då kan du arbeide som instruktør på brekurs og som breførar for turistar. Breoppleving treng kvart år nye instruktørar og førarar. For å kome inn på breinstruktørkurset må du ha gjennomført eit brekurs eller tilsvarande. Du må også kunne vise til minimum 10 dagar sjølvstendig erfaring frå ulike breturar i blåis, overgangen frå is til snø, snødekt bre med sprekker, bratt snø og orientering. Sjølvstendig betyr at du må ha vore aktivt med på vegval og sikring utan at ein instruktør har passa på deg. Denne sjølvstendige turerfaringa er det viktigaste elementet når vi vurderer søknader til breinstruktørkurs. Viss du treng å lære meir om vegval, sikring og redning før instruktørkursa så kan det også være lurt å ta eit vidaregaånde brekurs. Metodekurset (breinstruktørkurs del I) er første del av instruktørutdanninga. Dette kurset tek fire dagar. Her får du lært litt om alle dei metodar du må kunne for å være instruktør. Kurset fokuserer på godt læringsmiljø og personleg tilbakemelding. Du kan ikkje stryke på dette kurset, men får ei loggbok der det står kva du må øve meir på fram mot veilederkurset. Praksis på eit brekurs er også ein del av utdanninga. Du skal være med som instruktørassistent på eit brekurs ei heil veke etter at du har teke metodekurset og før du kan ta veilederkurset. Du får observere korleis erfarne instruktørar legg opp eit kurs, samt prøve deg litt under rettleiing. Viss du tek kursa hos Breoppleving kan vi garantere at du får tilbod om assistentpraksis i løpet av sommaren, og normalt vil du kunne velge kurs sjølv. Veilederkurset (breinstruktørkurs del II) er siste del av utdannninga. Her må du vise at du har solid kunnskap innan dei metodar og emner som var tema på metodekurset. I tillegg får du prøve deg som instruktør i situasjonar frå eit tenkt brekurs. Til slutt får du ei personleg vurdering, samt bestått eller ikkje bestått. Viss du består er du godkjent som Breinstruktør I i NF. Breoppleving treng stadig nye instruktørar så viss du er flink og interessert så får du arbeid etterpå. For å sjå nærare på opptakskrava til instruktørkurset kan du laste ned standarden her: NF si heimeside. På dokumentsida
finn du detaljert informasjon om årets breinstruktørkurs.
Der ligg også søknadsskjema og eit dokument om opptakskrav.
Du må fylle ut både søknadsskjema og turdagbok for
å kome med, og dette må sendast på mail til post@bre.no. |
|
- BREOPPLEVING DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500
- mobil 91 72 33 14 -
|
- mail: post@bre.no
-
|