Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


JOSTEDALSBREEN PÅ LANGS I MAI

Ein klassikar - 3 dagar på ski på Noreg sitt tak

Josten på langs er ein relativt tung tur på ski. Du må rekne med å bli sliten, men sjeldan får ein så mykje igjen for slitet som på denne turen.

Første dagen går vi frå Erdalen til Ståleskardet ved Lodalskåpa. På vegen går vi opp både Erdalsbreen og det kjende brefallet Småttene ved foten av Lodalskåpa. Denne dagen er den tyngste, og vi må rekne med 12-14 timar på ski før vi når leiren. Total stigning er over 2000 meter. 

Andre dagen går turen sørover breen i ca 1700-1900 meter høgde. Undervegs passerer vi det kjende utsiktspunktet Kjenndalskruna og vi er vi oppom Høgste Breakulen. Utsikta er enorm i godt ver og denne dagen er langt lettare enn den første. Strekninga er likevel lang, og vi må rekne med ca. 10 timar før vi når leirstaden ved Ramnane. 

Tredje dagen passerer vi Bings Gryte, ei særprega vindhole der Jostedalsbreen er på sitt smalaste. Viss tida strekk til går vi oppom Supphellenipa. Deretter går turen mot Flatbrehytta i den sørlige enden av breen. Frå denne hytta går turen bratt ned mot dalen. Denne dagen må vi rekne med å gå i nærare 8 timar før vi når gården til Flatbregubben (Anders Øygard) i Fjærland. 

For å delta på denne turen krevst det litt trening i å gå med tung sekk og du må ha eige utstyr som ski, solide kle, sovepose og telt/kokeutstyr.

Prisen dekker turleiing og lån av breutstyr. Mat, personleg utstyr og transport må du skaffe sjølv. Transport frå Fjærland til Erdalen etter turen vert organisert ved behov så rimeleg som vi klarer, normalt ikkje meir enn kr 300,-

Meir informasjon:
Dokumentsida - detaljert program og utstyrsliste.
Datoar og prisar - for josten på langs og alt anna
Meld deg på Josten på langs - i vår nettbutikk www.breoppleving.no
Kart over turen - på www.jostedalsbreen.net

Inspirasjon:
Filmar - frå Josten på langs med Breoppleving og NRK
Bilder - som viser kor fin turen kan være


- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -