Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


VIDAREGÅANDE BREKURS
For deg som kan litt og vil lære meir

Dette kurset har to delar som kan takast kvar for seg eller samla. Første delen fokuserer på is og andre delen på snø. Dette er kurset for deg som allereie har gått eit brekurs, men vil lære meir.

VIDAREGÅANDE BREKURS IS (del 1)
Dette kurset går over tre dagar. Målet med kurset er å lære fleire ferdigheter og øve på teknikkar og metodar. Slik kan du bli tryggare på deg sjølv når du er på tur.

Første heile dagen står redning med og utan talje på programmet. Hjelpetalje-metoden er den redningsmetoden som er mest brukt på brekurs i dag. Vi bygger vidare på denne og ser også på kva vi kan gjere når ein skadd person er i sprekka.

Andre dagen går vi i vanskeleg is og øver vegval og sikringar. Dette kombinerer vi med å prøve å gå opp eit heilt brefall. Difor må vi finne ein balanse mellom sikring og framdrift. Taulaget kan brukast aktivt som sikring eller vi kan gå utan tau i periodar.

Tredje dagen vert klatring i isen det sentrale temaet. I tillegg til å klatre på topptau vil vi forsøke å finne stader der ein kan klatre på led med standplassar undervegs.

VIDAREGÅANDE BREKURS SNØ (del 2)
Dette kurset går også over tre dagar og erstattar det tidlegare turkurset vårt. Målet med kurset er å ta deltakarane med på ein reell bretur med overnatting oppe på breen og legge inn øvingar undervegs. Dermed blir du i stand til å gjennomføre lange turar på snødekt bre sjølv.

Første dagen er temaet vegval i ukjent terreng der ein må finne inngangen til breen. Vi brukar då boka Breføraren og følger ei av rutene i den. Vel oppe på breplatået må vi bruke taulaget aktivt for å navigere oss gjennom snøsprekk-områder.

Andre dagen skal vi øve redning i snø. Dette gjer vi helst oppe på platået slik at det vert mest muleg realistisk. Dermed er det naturleg å ligge i telt på platået under kurset.

Tredje dagen gjennomfører vi ein tur i eit vanskeleg sprekkområde. Slik kan vi øve sikring og taulagsplassering under realistiske forhold. Viss veret er dårleg legg vi meir vekt på orientering på breen. Vi prøver også å legge inn ein topptur denn dagen og/eller den første dagen.

LITT INFO OM BEGGE KURSA
Desse to kursa er lagt opp rett etter kvarandre. Du kan altså delta på begge to, eller berre på eitt av dei. Kursa er sjølvstendige slik at det er fullt muleg å berre delta på Vidaregåande brekurs snø sjølv om du ikkje er med på Vidaregåande brekurs is.

Viss du likte brekurset og vil lære meir er desse kursa noko for deg. Her går vi meir i dybda på metodane og gjennomfører realistiske turar. Kursa passar fint dersom du vil repetere brekurset og kome deg litt vidare. Kursa passar også fordei som seinare skal utdanne seg til instruktørar, men har for lite erfaring endå.

Breføraren er ei bok som har rutebeskrivelser for dei aller fleste rutene til og frå (og delvis på) brear i Noreg. Boka vert utlevert ved kursstart. Du finn også alle rutene her : Breføraren

Her kan du sjå bilete frå tidlegare vidaregåande brekurs:
1999 - Nesdal - Ruteflotdalen - Briksdalsbreen
2001 - Kjenndalen - Tjuvskora - Briksdalsbreen
2002 - Bødalsbreen - Lodalskåpa

dokumentsida finn du detaljert informasjon om årets vidaregåande brekurs.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

Trykk her og meld deg på Vidaregåande brekurs

 


- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -