Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


FJELLSPORTKURS
Unn deg ei bratt ferieveke

På eit Fjellsportkurs kombinerer ein klatring på bre og fjell. 
Mange av teknikkane og mykje av utstyret er det same på bre og fjell. Eit fjellsportkurs viser desse samanhengane og lærer deltakarane kva som krevst for sikker ferdsle i det ein kallar 'bratt og glatt lende'.

Opplevinga står i sentrum på dette kurset, og du får prøve varierte aktivitetar knytt til klatring på is og fjell. Viss du vil lære brevandring og fjellklatring så grundig at du kan drive med det sjølv bør du velge brekurs og klatrekurs.

Kurset tek til med ein dag i blåisen og ein dag på snødekt bre. Med dette får du ei innføring i brevandring, men ikkje ei grundig opplæring.

Dei siste tre dagane er sett av til klatring. Først tek vi ein dag i klatrefelt, deretter to dagar i høgfjellet. Ein av desse dagane skal vi forsøke å klatre Store Skagastølstind (2405 moh) viss veret tillet det. Eit anna aktuelt turmål er å gå opp Bjørnebreen og klatre til topps på Saksa.

Følgande vert gjennomført (praksis):

• Gange i lett og vanskelig is, utan tau
• Vandring i lett og vanskelig is, med tau
• Sikringsteknikk i taulag
• Redning (Lose Rolle)
• Klatring og rapell på bre og fjell
• Topptauklatring i klatrefelt
• Sikring i fjell
• Klatring i høgfjellet på naturlege sikringar
• Klatring av ruter på minst 3 taulengder

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori)

• Brelære
• Redningsteknikkar på bre og fjell
• Alpine farer
• Knutar og taubruk
• Sikringsteknikk på bre og fjell
• Utstyr

dokumentsida finn du detaljert informasjon om årets fjellsportkurs

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

Trykk her og meld deg på fjellsportkurs



- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -