Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


VINTERKURS MED BREOPPLEVING

Vinterkursa våre kan arrangerast når det passar deg best. Ta kontakt viss du vil ha pris for deg og dine vener. Vi har følgjande kurs å velge mellom:

INNFØRING I ISKLATRING
ISKLATREKURS
NF SKREDKURS
INNFØRINGSKURS SKRED
VINTERKURS
FJELLFØRING

Isklatrekurs finn du meir informasjon om på www.fjellklatring.no.

NF skredkurs varer i 3 dagar og er tilpassa bre- og klatreinstruktørar som treng det som del av si utdanning. Likevel kan alle som vil lære meir om skredfare om vinteren delta.

Innføringskurs skred er ein dag kortare enn NF sitt skredkurs. Alle som står på ski i bratt terreng bør ha eit slikt kurs.

Vinterkurs er eit kurs for deg som vil lære meir om friluftsliv om vinteren. Orientering, overnatting i telt og snøhole, bekledning og korleis halde seg varm er sentrale tema i dette kurset. Viss du er glad i fjellet om sommaren så bør kan du lære deg å bli trygg også i vinterfjellet.

Fjellføring i Leirungsdalen er eit tilbod til dei som har litt erfaring på ski, men som gjerne vil ha ein førar når ein skal nå høge toppar. Leirungsdalen er truleg den finaste dalen i Aust-Jotunheimen. Aktuelle toppar er Tjønnholstind, Høgdebrotet, Leirungstindene, Munken og Rasletind

dokumentsida finn du detaljert informasjon alle kurs og turar.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

Trykk viss du vil melde deg på ein vinteraktivitet





- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -