![]() |
|
Brekurs Klatrekurs Josten på langs Datoar & Prisar
|
Vi har to typar mini-brekurs. Eine kurset har blåis som tema, andre kurset har snø som tema. Til saman utgjer dei eit heilt brekurs. Du kan ta det eine eitt år og det andre eit anna år, eller du kan nøye deg med det du likar best. Mini-brekursa varer kortare, men held like høg kvalitet som brekursa. Mini-brekurs blåis inneheld alt du lærer om blåis på eit brekurs. Første dagen legg vi vekt på stegjernsteknikkar og bruken av utstyret. Vi går litt i isen for å øve sikringsteknikkk. Andre dagen brukar vi mykje tid på redning, men rekk også å gå ein tur i litt vanskelegare is. Tredje dagen er det muleg å få klatre på topptau, rapellere og øve meir på sikringsteknikk. Mini-brekurs snø inneheld alt du lærer om snø på eit brekurs. Første dagen går vi på tur og øver snøbakketeknikk, bruk av sikringsmiddel og kontroll av snøbruer. Vi legg også inn ei orienteringsøkt her. Andre dagen vert mykje tid brukt på redning i snø, men vi skal også øve meir på vegval og sikringsteknikk. Tredje dagen skal vi prøve å oppsøke vanskelege snøforhold på breen slik at vi får prøvd ut kunnskapen i praksis. Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane. På dokumentsida finn du detaljert informasjon om kvart enkelt brekurs. Vi har også ei oversikt over alle datoar
og prisar |
|
- BREOPPLEVING DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500
- mobil 91 72 33 14 -
|
- mail: post@bre.no
-
|