Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


FJELLFØRING FRÅ GJENDESHEIM OG GJENDEBU
Opplev høge fjelltoppar og spanande isbrear

NB! Pga kapasitetsproblem tilbyr vi desse turane berre ved førehandsbestilling i 2015 - kontakt oss på post@bre.no.

Frå Gjendesheim og Gjendebu kan du bli med oss på flotte toppar og over spanande brear. Nokre av turane er tilpassa familiar medan andre turar er for deg som vil opp på dei høgaste toppane.

Aktuelle turar

Blåistur frå Gjendebu kr 800,-

Knutshø-traversen kr 600,-

Jo-stigen til Besseggen kr 600,-

2 tindar og ein isbre kr 950,-

Store Knutsholstind kr 600,-

Barn under 16 år går til halv pris.
Familie- og grupperabatt.

Alle turane er tilpassa normalt fjellvante folk. Det betyr at viss du synes at Besseggen og Galdhøpiggen er turar du klarer greit så kan du være med oss på tur. Vi vil ta deg med til områder du ikkje kan kome utan førar, men turane er ikkje ekstreme. Vi passar også på å gå roleg og i samla gruppe slik at alle får ein fin tur.

Påmelding:
Bestill på www.breoppleving.no
Telefon 57870500
Epost: post@bre.no

KORT BESKRIVELSE AV TURANE

2 tindar og ein isbre
Vår mest populære tur. Bli med så forstår du kvifor. Først går vi opp i Svartdalen, så opp Svartdalsbreen. Første del av breen er flat og enkel, men så blir det etter kvart brattare og meir sprekker. Herifrå går vi opp på Mesmogtind (2264 moh), med flott utsikt til toppar og brear. Oppstigninga er litt bratt langs ein rygg, men føraren veti kor ein skal gå for å være trygg. Deretter går vi opp på Langedalstind (2206 moh) og ned Svartdalsbreen igjen.

Store Knutsholstind (2341 moh)
Store Knutsholstind er sjølve majesteten i Gjendealpane. Toppen er spiss og utsikta er usedvanlig god. Dette er ein tur du vil hugse lenge. Når Johannes Heftye besteig toppen for første gong i 1875 vart det rekna som ein stor prestasjon. No går det ein bratt og delvis varda sti frå Svartdalen og opp. Enkelte går turen utan førar, men det er lett å miste stien om ein ikkje er kjent.

Bretur
Breturen går til Slettmarksbreen som er lett tilgjengeleg frå Gjendebu. Her kan du bli med på breføring i blåis og sprekkområder. Nederste delen av breen er flat og enkel slik at du kan venne deg til å gå i tau og bruke stegjerna. Midt oppe i brefallet er det fine blåis-formasjonar og spanande sprekker. Etter ein rundtur i breen returnerer vi langs den same stien til Gjendebu. Dette er den klart lettaste av turane våre frå Gjendebu. Det er ein relativt kort tur med lite stigning. Her får de oppleve spanande vandring på isbreen utan å slite dykk heilt ut. Turen passar fint for dei som har lite eller ingen erfaring frå brevandring. Slettmarkshøe (2190 moh)  kan kombinerast med denne breturen.

For meir informasjon og bilete, sjå www.breoppleving.no

Nysgjerrig på brekurs, klatrekurs eller josten på langs?dokumentsida finn du detaljert informasjon om kvart kurs og tur.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar.



- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -