Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


FJELLFØRING
Tre dagar på fjell og bre

Desse turane kjem i to versjonar. Nokre turar inkluderer overnatting og mat, på andre turar bur vi i telt der du tek med eigen mat. Uansett stiller vi med førar og spesialutstyr for bre.

Alle turane har start og slutt på same plass slik at det er lett å kome med bil, samtidig som dei er tilpassa bussruter viss du vil reise miljøvenleg.

Kvar tur varer i tre heile dagar pluss første kvelden. Dei varierer i vanskegrad, men inkluderer alltid minst ein bretur og ein høg topp.


KLASSIKAREN
På denne turen får du med deg Besseggen, Surtningssui og ein bretur. Dette er ein middels tung tur som passar for alle som har gått litt i fjellet før.
Dag 1: Oppmøte på Gjendesheim om kvelden. Informasjon om dagane som kjem. Overnatting på eller ved Gjendesheim.
Dag 2: Vi tek første båten til Gjendebu og går ein bretur på Slettmarksbreen. Dette er ein lett og fin bretur som passar for alle. Overnatting på eller ved Gjendebu.
Dag 3: Vi tek første båten ut til Memurubu og går på Sutrningssui. Viss forholda er gode går vi over breen på veg opp. Utsikta frå toppen er blir ofte omtalt som den beste i Jotunheimen. Overnatting på eller ved Memurubu.
Dag 4: Vi går Besseggen tilbake til Gjendesheim. Viss det er tørt går vi via Jostigen, ein flott tur opp ei fjellhylle som kjem ut midt på Besseggen. Dette er ei flott oppleving enten du har vore på Besseggen før eller ikkje. Vi kjem til Gjendesheim litt ut på ettermiddagen der turen blir avslutta.
Trykk her for dato og pris
Trykk her for detaljert informasjon

BREFØRINGSLEIR
Dette er vår lettaste tur for dei som vil prøve brevandring og toppturar, og passar også for familiar (minimum 12 år).
Dag 1: Oppmøte på Sognefjellshytta om kvelden. Informasjon om dagane som kjem.
Dag 2: Første dagen går vi i blåisen på Bøverbreen (Smørstabbreen). De får lære litt om utstyr, knutar og sikring. I tillegg får de ein rundtur øverst i brefallet der de får sjå dei verkeleg store sprekkene.
Dag 3: Vi går på topptur til Storebjørn (2223 m) eller Kalven (2034 m), avhengig av kor langt de ønsker å gå. Viss vi går til Storebjørn lagar vi ein rundtur der vi returnerer via Bjørneskar.
Dag 4: Denne dagen skal vi leike oss litt i blåisen. De får prøve litt klatring på topptau, nedfiring og kanskje ei redning.
Trykk her for dato og pris
Trykk her for detaljert informasjon

FJELLFØRINGSLEIR
Dette er turen for deg som likar å ligge i telt og gå på toppar. I løpet av turen lærer du også litt om brevandring og sikring.
Dag 1: Oppmøte ved Leirvassbu kl 19. Vi tar alt utstyr med og går inn til idylliske Kyrkjetjønne som er eit ideelt utgangspunkt for toppturar. Her slår vi leir, samlast til ein sein middag og får informasjon.
Dag 2: Første dag går mot Tverbytthornet via ei lite brukt rute der vi går opp dalen Tverrbytnede og når toppen frå nord over en mindre bre. Denne ruta vart brukt under førstebestigninga. Viss vi vil kan vi fortsette videre langs kammen til de resterende av Tverrbytthorna.
Dag 3: Vi legger ut på en rundtur som starter med vi går inn til Visbreen og tar på lett breutstyr. Ein lengre brekryssing ventar oss med enkelte område med oppsprukket is. Vel av breen går vi opp til Visbretinden frå sydvest. Deretter går vi over Langvasshø til Kyrkja via ei rekke mindre sekundær-toppar langs ryggen. I stedet for ågå den normale ruta ned fra Kyrka går vi mot aust ned til Kyrkjetjønne. Fleire toppar som Semelholstinden og enkelte av dei sørvestre Uranostindane kan leggast inn i turen eller erstatte Kyrkja.
Dag 4: Store Bukkeholstinden fra syd over Sørre Bukkeholstinden er målet. Dette er ein spanande rygg med fleire vanskelege passasjer og klyving i litt eksponert terreng spesielt fra Sørre og vidare til sjølve toppen av Store. Vi går samme rute heim, alternativt direkte ned i Tverrbytnede og tilbake til leiren. Her bryter vi opp og går tilbake til Leirvassbu. Vi kjem til hytta ut på kvelden. Dei som vil kan sjølvsagt overnatte ei ekstra natt ved Kyrkjetjønne. Dette kan være lurt viss ein har ei lang reise tilbake.
Trykk her for dato og pris
Trykk her for detaljert informasjon


- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -