Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


KLATREKURS I HURRUNGANE

Når ferien heng i ein tynn tråd

Du kan få utsikt så det held på eit klatrekurs. I tillegg lærer du å kome deg opp bratte fjellveggar og du treff turfølge til turar i framtida.

Det viktigaste du lærer på eit klatrekurs er kan hende tryggleik. Det vil seie å sikre på standplass, rapellere, enkel redning og å setje sikringar. Du kan ferdast trygt i bratte fjell etter eit slikt kurs.

Klatreturar i kjende klatreområde på Vestlandet er måten du lærer klatring på under dette kurset. Etter trening i klatrefelt ventar velkjende klatreruter mot mektige tindar. 

Eit klatrekurs i Hurrungane inneber at vi den eine dagen vil prøve å kome oss til toppen av Store Skagastølstind (Storen) 2405 moh. Veret bestemmer imidlertid kva vi gjer den enkelte dag, slik må det være i høgfjellet.

Våre instruktørar har erfaring frå klatring i høgfjellet i ei årrekke, og fleire av dei har vore på høge fjell i andre land. Dei vil lære deg klatring i høgfjellet i større grad enn i klatreveggar. Og hugs: Klatring er ikkje risikosport, men ei bratt form for friluftsliv.

Meir om våre klatrekurs på www.fjellklatring.no

Følgande vert gjennomført (praksis) :

• Topptauklatring i klatrefelt
• Klatreteknikk
• Sikringsmiddel
• Plassering av naturlege sikringar
• Klatring i høgfjellet på naturlege sikringar
• Klatring av ruter på minst 3 taulengder
• Rapell
• Etablering av standplass

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori) :

• Redningsteknikkar på fjell
• Alpine farer
• Knutar og taubruk
• Sikringsteknikk på bre og fjell
• Utstyr

dokumentsida finn du detaljert informasjon om årets klatrekurs.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

Trykk her og meld deg på klatrekurs
 


- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -