Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Fjellføring Gjendebu

Påmelding
Informasjon 

Datoar & Prisar
Kursstader
Dokumentside

www.fjellklatring.no

Linkar
Samarbeid med SFT

NF-godkjenning

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


REDNINGS- OG METODESEMINAR BRE
For breinstruktørar som vil lære meir om redning

Tema er i hovudsak redning i vanskelege situasjonar. Vi øver på redning frå smal sprekk, redning av skadd person og sikring av seg sjølv og taulaget under redninga. Øvinga skal være så realistisk som muleg, og til ein viss grad øver vi på å takle uventa situasjonar.

Kurset er ein del av NF-stigen. Viss du vil bli godkjent som breinstruktør II så må du ta dette kurset. Men vi kan også lage kurs som er tilpassa andre behov, då utan NF-godkjenninga.

Redningsgrupper har mykje å lære av eit slikt kurs, det same har dei som skal på ekspedisjonar der ein må over bre.

Vi set gjerne opp eigne kurs på bestilling til normal pris. Kurset kan arrangerast på alle brear i landet. Vi kan tilpasse det til ditt formål, eller følge NF sin standard for å få det nasjonalt godkjent.

dokumentsida finn du detaljert informasjon om årets redningskurs.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

Trykk her melde deg på årets rednings- og metodeseminar



- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -