![]() |
|
Brekurs Klatrekurs Josten på langs Datoar & Prisar
Jotunheimens store Firmaturar Breoppleving - kurs og føring sidan 1994
|
SESONGEN 2013 Brekursa våre er dei mest populære i landet. I år kan du velge mellom det tradisjonelle brekurset på ei veke, mini-brekurs, vidaregåande brekurs og instruktørkurs. Vi held kurs kvar veke frå 24. juni til 18. august. Du kan velge mellom kurs på Jostedalsbreen (Flatbrehytta) eller i Jotunheimen (Smørstabbreen), og overnatting i telt, enkel hytte eller med full pensjon. Klatrekursa våre foregår i Lom og i Hurrungane. Her er du midt blant dei høgaste fjella i landet. Hos oss lærer du fjellklatring, ikkje berre klatring på klipper. Du treng ikkje kunne klatre for å delta. Og kan du litt klatring så kan vi lære deg meir. Vil du jobbe hos oss? Breoppleving treng stadig fleire instruktørar på bre og i klatring. Ta kontakt viss du har utdanninga og vil jobbe. Viss du vil utdanne deg slik at du kan få verdas beste sommarjobb så les meir om 'breinstruktørkurs' i menyen til venstre. Viss ikkje datoane passar så kan du leige ein førar når det passar deg. Då kan du også bestemme kor du vil reise og kor lenge du vil være på tur. Bruk gjerne vårt nett-skjema eller send epost til post@bre.no. Vinter og vår Sommar GÅVEKORT - til den som har alt. Gje eit kurs, ein tur eller ein sum. Breoppleving har arrangert kurs og føring sidan 1994 og er i dag ein av landets leiande tur- og kursarrangørar.
|
|
|
- BREOPPLEVING DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500
- mobil 91 72 33 14 -
|
- mail: post@bre.no
-
|